2015
Monday
May
11

A new Cittaslow in Norway, welcome Hardanger.

Nordik Cittaslow Network

Tysdag 14. april fekk Ulvik herad inst i Hardangerfjorden den gledeleg meldinga at dei
har blitt godkjend Cittaslow kommune.

Ulvik herad er den fjerde godkjende kommunen i Noreg og føyer seg inn i rekkja av
berekraftige kommunar i eit internasjonalt nettverk som dekkjer 25 land. Godkjenning
inneber åmøta kriteria til Cittaslow organisasjonen som er delt inn i desse sju
hovudtema: miljø, infrastruktur, stadplanlegging, verdsetjing av lokal produksjon,
gjestfridom, medvitsgjering og støtte til Slow Food aktivitetar og prosjekt.

I alt er det 77 kriterier som skal oppfyllast, halvparten ved inngåing av medlemskap.
Søknad skal skrivast påeige søknadskjema på engelsk og vert tilrådd av det nordiske
Cittaslow -nettverket og formelt godkjend av det internasjonale rådet.

Ulvik sin prosess:
Arbeidet og prosessen starta allereie i 2012. Med eit samrøystes vedtak i heradstyre i
2013, fekk søknaden ein solid forankring lokalt og det ble arrangert ein studietur med
eit bredt samansett gruppe til Greve-i-Chianti, Italia i oktober 2014. Her var
representantar frå det offentlige administrasjonen, politikarar og det private
næringslivet. Det har vært heilt naudsynt og avgjerande med sterk støtte og forankring
hjå ordførar og den politiske- og administrative leiinga for å få kommunen godkjend.

Kva er så Cittaslow:
Cittaslow er det internasjonale kjenneteiknet for kommunar som tar sikte på høgast
mogleg livskvalitet for sine innbyggjarar, entreprenørar og besøkjande. Ein
Cittaslow kommune tek vare på livskvaliteten for sine innbyggjarar. Dette vert
kombinert med å gje mykje merksemd til tradisjonar som er knytte til moderne
teknikkar. Måla for Cittaslow er grunnlagd i ein solid intern solidaritet; dei framvisar
sterk omtanke for miljø og sikrar at alle er klare over og medvitne sine omgjevnader.
Cittaslow oppnår dette gjennom sin praktiske politikk og sine daglege gjeremål.
Godkjenninga må sjåast i samanheng med andre utviklingstiltak heradet arbeider aktivt
med. Det er tettstadsutvikling og eit omfattande samfunnsutviklings mobilisering med
bl.a. ei innbyggarundersøking på trappane før sommaren.

PDF www.ulvik.kommune.no/Handlers